Gå til hovedinnhold

Varsel om pålegg til Statoil

Ptil har gitt Statoil varsel om pålegg etter tilsyn med Heimdal hovudplattform og stigerøyrsplattform.


Ptil gjennomførte ein tilsynsaktivitet med drift, vedlikehald og trykksikring retta mot Statoil og Gassco med landorganisasjonar og med Heimdal hovudplatform (HMP) og Heimdal Riser Platform (HRP). Tilsynsaktiviteten vart gjennomført i tida 22.-29. september 2016.

Mål
Målet for oss var å følgje opp styring av drift, vedlikehald, sikkerheitskritisk utstyr og system for trykksikring spesielt på Heimdal HRP og Heimdal, i forhold til selskapet sine eigne krav og myndigheitskrav. Ansvar og arbeidsdeling mellom Gassco som operatør og Statoil som teknisk tenesteytar som gjennomfører drifta av innretninga var sentralt i tilsynet.

Resultat
Tilsynsaktiviteten identifiserte sju avvik frå petroleumsregelverket. Avvika omhandlar styring av aktivitetar på HMP og HRP, barrierestyring, brannbeskyttelse i anlegg, uavhengigheit for prosessikringssystem, styrande dokumentasjon, Gassco sitt påseansvar og alarmhandtering i kontrollrom på Bygnes.

Vidare har vi avdekka tre områder med potensial for forbetring. Desse områda er alarmhandtering i kontrollrom på Heimdal, selskapet (Statoil) si eiga oppfølging, og manglar ved system for merking av utstyr og mangelfull merking i anlegg.

På grunnlag av dei funna som er gjort i tilsynet har vi varsla Statoil om følgjande pålegg:

Med heimel i rammeforskrifta § 69 om enkeltvedtak, jamfør aktivitetsforskrifta § 25 om bruk av innretningar andre ledd, styringsforskrifta § 14 om bemanning og kompetanse første ledd, § 45 om vedlikehald, jfr rapportens kap. 5.1.1 pålegg vi Statoil å:

vise gjennom framlegging av kort- og langtidsplanar for drift- og vedlikehald at ein med tilgjengeleg bemanning kan handtere drifts- og vedlikehaldsoppgåver på innretningane, og at vedlikeholdsprogram- og gjennomføring er tilpassa innretningane og utstyret sin alder og tilstand.

Med heimel i rammeforskrifta § 69 om enkeltvedtak, jamfør styringsforskrifta § 5 om barrierar fjerde, femte og sjette ledd, jfr. rapportens kap. 5.1.2 og innretningsforskriftens § 82 nr 2 jfr, forskrift om eksplosjons- og brannbeskyttelse av innretninger i petroleumsvirksomheten fastsatt 7. februar 1992§ 19 om generelle krav til passiv brannbeskyttelse og forskrifter for produksjons- og hjelpesystemer på produksjonsanlegg fastsatt den 3. april 1978 , kapittel 6.1, 6.2 og 6.3 om krav til passiv brannsikring jfr rapportens kap.5.1.3, pålegg vi Statoil å:

sikre at barrierar som er svekka eller ute av funksjon er identifisert, vurdere kombinasjonen av svekka barrierar, sikre at nødvendige kompenserande tiltak er implementert og at det er ein plan for utbetring av barrierar som er ute av funksjon eller svekka.

Med heimel i rammeforskrifta § 69 om enkeltvedtak, jamfør innretningsforskriften § 82 nr. 2 jfr. forskrift om sikkerhets- og kommunikasjonssystemer på innretninger i petroleumsvirksomheten fastsatt 7. februar 1992 § 19 om prosessikringssystem, jfr. rapportens kap.5.1.4 pålegg vi Statoil å:

- vise at ein i gasstransportsystemet knytt til Vesterled røryleidning tilfredsstiller krav i forskrifter om to uavhengige system for prosessikring.

Med heimel i rammeforskrifta § 69 om enkeltvedtak, jamfør aktivitetsforskrifta § 20 om oppstart og drift av innretninger andre ledd bokstav b, jfr. rapportens kap.5.1.5 pålegg vi Statoil å;

- oppdatere nødvendig styrande dokumentasjon som det er referert til i kap. 5.1.5.

Det skal utarbeidast ein forpliktande og tidfesta plan for å etterkomme pålegga over. Planen skal presenterast for Ptil innan 27.1.2017.
 

Forklaring av begrepene "pålegg" og "varsel om pålegg"
Eit pålegg er eit enkeltvedtak fatta i medhald av regelverket. Før vi gir eit pålegg, sender vi som regel eit "varsel om pålegg" til dei berørte selskapa.

Eit varsel om pålegg er korkje eit verkemiddel eller ei åtvaring om sanksjon, men eit ledd i vår sakshandsaming kor vi ber aktøren vurdere faktagrunnlaget. Varselet er berre eit første steg før det vert fatta eit enkeltvedtak.

Eit pålegg er eit sterkt førebyggjande verkemiddel som er juridisk bindande for mottakaren.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77