Gå til hovedinnhold

Rapport om dykking i 2016

I 2016 blei det ikkje rapportert om hendingar personskade, men eitt tilløp til faresituasjon ved mettingsdykking i samband med petroleumsverksemd. Det har vore relativt få personskadar knytt til mettingsdykking i denne verksemda dei siste 25 åra.


Resultata er presenterte i vår årlege rapport frå dykkardatabasen DSYS. Rapporten inneheld statistikk og analysar basert på data frå perioden 1985-2016.

Aktivitetsnivå
I 2016 var aktivitetsnivået for mettingsdykking på 44.569 manntimar i metting, ein nedgang på om lag 23 prosent frå året før og noko lågare enn det gjennomsnittlege aktivitetsnivået dei siste 20 åra, som er 63.000 manntimer i metting. Dei næraste åra er det venta eit normalt aktivitetsnivå for mettingsdykking på den norske kontinentalsokkelen.

I 2016 blei det for overflateorientert dykking rapportert 219 manntimer i vatn og ingen uønska hendingar. Sjølv om antall manntimar i vatn i 2016 var vesentleg høgare enn året før, er aktivitetsnivået for overflateorientert dykking generelt lågt, slik det har vore dei siste 20 åra.

Definisjonar
Mettingsdykking: Dykkaren jobbar frå ei dykkarklokke som transporterer dykkaren under trykk frå kammer på skipet på arbeidsstaden i sjøen og oppheld seg under trykk i kammer på dykkarfartøy mellom arbeidsøktene (klokkeløpa).

Overflateorientert dykking: Dykkaren entrar vatnet på overflata, utfører jobben på den aktuelle arbeidsdjupna (mindre enn 50 meters djup), og returnerer til overflata. Ekstra kompresjon/dekompresjon i kammer på overflata kan vere ein del av slik dykking.

Få personskadar
DSYS-oversikten viser at det har vore relativt få personskadar knytt til mettingsdykking dei siste 25 åra.

I 2016 vart det ikkje rapportert hendingar med personskadar.