Gå til hovedinnhold

Rapport om dykking i 2017

I 2017 blei det ikkje rapportert om hendingar, personskade eller faresituasjon ved mettingsdykking i samband med petroleumsverksemd. Det har vore få personskadar knytt til mettingsdykking i denne verksemda dei siste 25 åra.


Resultata er presenterte i vår årlege rapport frå dykkardatabasen DSYS. Rapporten inneheld statistikk og analysar basert på data frå perioden 1985-2017.

Aktivitetsnivå
I 2017 var aktivitetsnivået for mettingsdykking på 15.568 manntimar i metting, ein nedgang på om lag 65 prosent frå året før og det lågaste aktivitetsnivået sidan 2002. 

I 2017 blei det for overflateorientert dykking rapportert 406 manntimer i vatn og ingen registrerbare uønska hendingar.  

Definisjonar
Mettingsdykking: Dykkaren jobbar frå ei dykkarklokke som transporterer dykkaren under trykk frå kammer på skipet på arbeidsstaden i sjøen og oppheld seg under trykk i kammer på dykkarfartøy mellom arbeidsøktene (klokkeløpa).

Overflateorientert dykking: Dykkaren entrar vatnet på overflata, utfører jobben på den aktuelle arbeidsdjupna (mindre enn 50 meters djup), og returnerer til overflata. Ekstra kompresjon/dekompresjon i kammer på overflata kan vere ein del av slik dykking.

Få personskadar
DSYS-oversikten viser at det har vore få personskadar knytt til mettingsdykking dei siste 25 åra.