Gå til hovedinnhold

Equinor har fått samtykke til forlenga drift av Åsgard A

Vi har gitt Equinor samtykke til forlenga drift av Åsgard A-innretninga fram til desember 2030.


Equinor er operatør for Åsgardfeltet, som ligg i den sentrale delen av Norskehavet. Åsgard blei påvist i 1981, og plan for utbygging og drift (PUD) blei godkjent i 1996. Utbygginga omfattar førekomstane Smørbukk, Smørbukk Sør og Midgard. Feltet er bygt ut med havbotnbrønnar som er kopla til den flytande produksjons- og lagerinnretninga Åsgard A (FPSO).

For å kunne utvinna dei resterande reservane i Åsgard har Equinor søkt om samtykke til å forlenga levetida for Åsgard A-innretninga fram til 31. desember 2030. Vi har no gitt samtykke til dette.

Samtykket er gitt blant anna på bakgrunn av Equinor sin dokumentasjon av vurderingar som konkluderer med at innretninga kan drivast vidare forsvarleg og i samsvar med krav i regelverket.

Eileen Brundtland, pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 92 26 98 95