Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Bideford Dolphin på Snorrefeltet

Statoil Petroleum as har fått samtykke til bruk av boreinnretninga Bideford Dolphin til boring og komplettering av brønn 34/7-A-10 på Snorrefeltet.


Snorre er eit oljefelt som ligg i Tampenområdet i Nordsjøen, om lag 150 kilometer vest for Florø. Feltet er bygt ut med to flytande integrerte innretningar, Snorre A og B, og ei undervassbrønnramme knytt til Snorre A. Produksjonen på Snorre starta i 1992.

Aktiviteten er planlagd å starte starte 7. juli 2017 og vare i 110 dagar.

Bideford Dolphin er operert av Dolphin Drilling AS. Bideford Dolphin og er ei flyttbar boreinnretning av typen Aker H-3, bygd ved Aker Verdal i 1975 og modifisert i 1998. Innretninga har klasse i DNV GL og er registrert i Singapore.

Bideford Dolphin fekk samsvarsfråsegn frå Ptil i september 2004.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77