Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av innretninga Huldra i kald fase

Statoil Petroleum as (Statoil) har fått samtykke til bruk av innretninga Huldra i kald fase i utvinningsløyve 051 og 052B i Nordsjøen.


Samtykket gjeld bruk av innretninga i kald fase etter at brønnane er permanent plugga og forlatne, og innretninga er permanent stengd ned.

Huldra er eit gasskondensatfelt som ligg nord for Oseberg i den nordlege delen av Nordsjøen. Vassdjupna i området er 125 meter. Feltet blei bygt ut med ei brønnhovudinnretning inkludert eit enkelt prosessanlegg, og blei fjernstyrt frå Veslefrikk B. Produksjonen starta i 2001 og avslutta i 2014.

Ptil har no gitt Statoil samtykke til bruk av innretninga Huldra i kald fase i samsvar med Statoil sin søknad.

 

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77