Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Island Innovator

Vi har gitt Spirit Energy (tidlegare Centrica E&P Norge) samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga Island Innovator.


Samtykket omfattar bruk av den flyttbare innretninga Island Innovator til boring og testing av avgrensningsbrønn 6506/9-4 og 6506/9-4 A i utvinningsløyve 433 i Norskehavet.

Boringa er planlagt starta i februar 2018.

Brønnen skal borast med den halvt nedsenkbare, flyttbare boreinnretninga Island Innovator. Innretninga er av typen Global Maritime GM4000 og vart levert frå verftet COSCO i Kina i 2012. Ho er eigd av Island Drilling Company, operert av Odfjell Drilling, fører norsk flagg og er klassa i DNV GL.

Island Innovator fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i august 2013.

Eileen Brundtland, pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12