Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av Scarabeo 5 på Njord

Statoil har fått samtykke til bruk av Scarabeo 5 til brønnaktivitetar på Njordfeltet.


Statoil er operatør på Njord, som er eit oljefelt i Norskehavet, om lag 130 kilometer nord for Kristiansund.

Njordfeltet er bygt ut med ei halvt nedsenkbar bore-, bustad- og produksjonsinnretning, Njord A, og lagerskipet Njord B. Havdjupna på staden er 330 meter. Produksjonen på feltet starta i 1997.

Ptil har gitt Statoil samtykke til å bruke Scarabeo 5 til ulike brønnaktivitetar knytte til produksjonsbrønnar på feltet.

Aktiviteten er planlagd å starte 10.11.2016. 

Scarabeo 5 er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen ME 4500, bygd ved Fincantieri i Genova i 1990. Ho er registrert på Bahamas og har klasse i RINA/ABS. Scarabeo 5 fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i mai 2003.

Eileen Brundtland, Pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12