Gå til hovedinnhold

Samtykke til bruk av West Elara på Eldfisk

Vi har gitt ConocoPhillips Skandinavia AS (ConocoPhillips) samtykke til bruk av den flyttbare boreinnretninga West Elara til produksjonsboring på Eldfiskfeltet.


Samtykket omfattar boring av produksjons- og injeksjonsbrønnar for Eldfisk 2/7 S-innretninga.

Boreaktivitetane startar etter planen i første kvartal 2019.

West Elara er ei oppjekkbar boreinnretning (jack-up) eigd og operert av Seadrill Europe Management (Seadrill).

Eldfisk
Eldfiskfeltet ligg i blokk 2/7 i den sørlege delen av norsk sektor i Nordsjøen. Feltet blei påvist i 1970, plan for utbyggjing og drift (PUD) blei godkjend i 1975 og feltet starta å produsera i 1979.

PUD for Eldfisk II vart godkjend i 2011, og omfatta blant anna oppgradering av eksisterande infrastruktur på feltet, ei ny integrert brønnhovud-, produksjons- og bustadinnretning (Eldfisk 2/7 S) og nye produksjonsbrønnar.

Boringa med West Elara er ein del av dette prosjektet.

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77