Gå til hovedinnhold

Samtykke til endring av områdeberedskap på Gyda

Repsol Norge AS har fått samtykke til endring av områdeberedskapen på Gyda.


Repsol Norge AS (Repsol) er operatør på Gydafeltet, som ligg i sør i Nordsjøen mellom Ula og Ekofisk. Feltet er bygt ut med ei integrert innretning med stålunderstell på 66 meter havdjup.

Fram til no har Gyda samarbeid med BP (no AkerBP) om deling av eit beredskapsfartøy som har lege mellom innretningane Ula og Gyda. Analysar har vist at ein forsvarleg beredskap kan haldast ved lag med Gydafeltet sin eigen MOB-båt. I dette høve er det gjort forbetringar på MOB-båten i samsvar med tilrådingar i analysane.

Ptil har gitt Repsol samtykke til denne endringa.

Eileen Brundtland, Pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12