Gå til hovedinnhold

Samtykke til leiteboring for Statoil Petroleum AS

Statoil Petroleum AS (Statoil) har fått samtykke til å bore ein leitebrønn i blokk 6608/10 med opsjon for sidesteg.


Statoil er operatør for utvinningsløyve 128. Leitebrønnen skal borast i eit prospekt kalt Cape Vulture og har nemninga 6608/10-17 S.

Dei geografiske koordinatane er:

  • A 08° 03’ 36’
  • N 66° 04’ 16’’

Havdjupna på staden er 375 meter. 

Boringa er planlagd starta i november og er rekna å vare i inntil 33 dagar. Estimert varigheit til opsjonell sidesteg er 16 dagar.

Boringa skal gjennomførast med Deepsea Bergen, som er ei Aker H3-innretning bygd i 1983 og operert av Odfjell Drilling AS.

Deepsea Bergen fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i desember 2001.

Ptil har no gitt Statoil samtykke til leiteboringa.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77