Gå til hovedinnhold

Statoil får samtykke til leiteboring i blokk 7121

Samtykke har fått samtykke til å bore leitebrønn 7121/8-1 i Barentshavet.


Statoil har fått samtykke til å bore leitebrønn 7121/8-1 i utvinningsløyve 849. Brønnen skal borast i eit prospekt kalla Blåmann, og vil ha dei geografiske koordinatane:

  • 71o 25' 43,88" N
  • 21o 38' 26,50" A

Borestaden ligg på 376 meter havdjup, om lag 113 kilometer nordvest for Hammerfest og 25 kilometer frå Goliat.

Boringa er planlagd å vare i 25 dagar. Samtykket omfattar òg boring av eit mogleg sidesteg, som vil ha nemninga 7171/8-1A, og som vil vare i 13 dagar.

Brønnen skal borast med Songa Enabler, som er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av CAT D-typen. Ho vart levert frå Daewoo-verftet i Sør-Korea i 2016, er registrert i Norge og har klasse i DNV GL. Songa Offshore fekk samsvarsfråsegn (SUT) for innretninga frå Ptil i juli 2016.

Eileen Brundtland, Pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12